
- Denne hending er over.
Fagnettverk kunst og handverk
06/02/2024, kl. 09:30 - 14:30
GratisLes programmet som pdf-fil her: Program fagnettverk kunst og handverk 06.02.2024
Stad: Lærdalsøyri skule, Skulevegen 11, 6887 Lærdal
Rom: Tekstilen
Tidspunkt: Tysdag 6.februar 2025 kl 09:30- 14:30
Målgruppe: Lærarar som underviser i kunst og handverk 1.-10. klasse
Lunsj: Ja, inkludert
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Førebuing til samlinga:
For å få best mogeleg utbytte av samlinga ynskjer me at du brukar 2-3 minuttar på å svare på nokre få spørsmål om din bakgrunn og ynskjeleg tema både teoretisk og praktisk. På den måten håpar me å tilpasse opplegget best mogeleg: https://forms.office.com/e/itP3CxSyfE (frist: same som påmeldinga)
Program:
09.30- 10.30 Økt 1- omvisning på kh-avdelinga, presentasjon av tidlegare elevarbeid og oppgåver
10.30- 10.45 Fruktpause
10.45- 12.00 Økt 2- praktisk arbeid (erfaringsdeling og diskusjon)
12.00- 12.30 Lunsj
12.30- 14.00 Økt 3 – praktisk arbeid (erfaringsdeling og diskusjon)
14.00- 14.30 Ymsesaker, evaluering
Kunst og handverk er eit praktisk fag. Korleis undervisninga i faget blir lagt opp og gjennomført avhenger ofte av kva verkstadar, utstyr og ikkje minst kva lærarar som underviser i faget. I dette fagnettverket håpar me på å kunne inspirere og dele erfaringar med kvarandre. Har du eit spørsmål du ynskjer å diskutera? Har du eit opplegg du er nøgd med som du vil dela? Ta det med!
Tema me kan komme innom kan vere: organisering av faget, progresjon i faget, vurderingspraksis, verkstadar, materialar og utstyr, gode oppgåver.
Lærdalsøyri skule har ein flott kunst og handverksavdeling, med sløyd- og teiknesal samt keramikk- og tekstilrom. Skulen har ein eigen instagramkonto der me legg ut bilder av elevarbeid, ta gjerne ein titt: @kogh_oyri • Instagram-bilder og -videoer
Mål for samlinga: å bli inspirert, dele oppgåver og erfaringar med kvarandre.
Ansvarleg for samlinga:
Ida Rudningen, faglærar kunst og handverk ved Lærdalsøyri skule idarud@oppvekst-laerdal.no
Tlf: 91 69 10 50
Påmeldingsfrist: 23.januar kl 23. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet i påmeldinga. Hugs å svare på spørsmåla i Forms innan same frist.
Velkommen!
Beste helsing frå
Ida Rudningen Ingrid Steine Bortne
Ansvarleg for samlinga Programleiar barnehage- og skuleutvikling i Sogn