Fagnettverk pedagogisk IKT for skulane
5. februar, kl. 09:00 - 14:30
GratisFagnettverk pedagogisk IKT 5.februar 2026
VELKOMEN TIL NETTVERK I PEDAGOGISK BRUK AV IKT I UNDERVISINGA
Torsdag 5.februar kl. 9:00-14.30
Lokale: Trudvang skule (avd. Guridalen), Trolladalen 26 og etter lunsj HVL
Rom: Verdandi i 1.etg Bragebygget. Sjå kart her: Bragebygget Verdandi, Bragebygget, Campus Sogndal – MazeMap
Lunsj: Ja, inkludert. Meld frå om evt. allergiar i påmeldinga
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Sjå program som pdf-fil her: Program fagnettverk pedagogisk IKT 05.02.2026
Program
09:00-09:15: Velkomen!
Me møtes ved inngangen på Trudvang skule, i Guridalen, og går gjennom programmet for dagen og generell informasjon.
09:15- 11:30: Korleis nyttar me best interaktive skjermar i klasseromma?
Håkon Bjørø, pedagogisk rådgivar i Scandec, vert med oss i dag for å vise korleis me kan nytte interaktive skjermar på gode pedagogiske måtar i klasserommet.
I denne økta får de mange konkrete, kreative og nyttige tips som de kan ta med rett inn att i klasserommet dykkar!
Scandec er ein av dei sentrale leverandørane av skjermar frå merka i3 (som erstattar Ctouch) og Promethean. I denne økta vil me nytte i3 Aspen 4 skjermen, men tipsa har òg overføringsverdi til bruk av skjermar frå andre merker.
Meir informasjon om skjermen og Scandec finn du på nettsida deira Aktiv undervisning.
11:30- 12:30: Lunsj i HVL-kantina
12:30-13:10: Bli inspirert til å prøve ut Skabma!
Eit tverrfagleg spel om samisk språk, kultur, mytologi med meir.
v/Mette F. Reinertsen, rektor ved Jostedal oppvekstsenter.
13:10-13:15: Kort pause
13:15-14:15: Tipshefte til føresette for ein god digital oppvekst i heimen
Me idemyldrar og lagar tipshefte til føresette med tips til bruk av digitale verktøy på heimebane. Arbeid i grupper. Med fokus både på nyttige og kreative tips til kva digitale verktøy kan nyttast til på fritida, og ikkje minst kva me tilrår at føresette avgrensar og passar på.
14:15-14:30: Avrunding og evaluering av nettverket.
Samlinga er open og aktuell for alle skuletilsette i grunnskule, VGS og vaksenopplæring, ikkje berre dei som jobbar med pedagogisk IKT særskilt.
Velkommen!
Ansvarlege for samlinga:
Håvard Takle Sanden, Luster kommune havard.takle.sanden@luster.kommune.no
Turid Rauboti, Sogndal kommune Turid.Rauboti@sogndal.kommune.no
Påmeldingsfrist: 28.januar kl 23. Meld frå om evt. allergiar/ behov i merknadsfeltet.
Beste helsing frå
Håvard Takle Sanden og Turid Rauboti Ingrid Steine Bortne
Nettverksansvarlege Programleiar barnehage- og skuleutvikling
