- Denne hending er over.
Fagdag for alle PPT-tilsette
17. mars, kl. 09:00 - 14:45
GratisMinoritetsspråklege barn og unge – fokus på språkarbeid og kartlegging
Stad: Eikum hotell, Hafslovegen 166, 6869 Hafslo https://www.eikum.no/
Tidspunkt: Tysdag 17.mars 2026 kl 09:00- 14:45
Lunsj: Ja, lunsj er inkludert
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar.
Her kan du lese programmet som pdf-fil: Program regional fagdag for PPT i Sogn 17.03.2026
Dette er andre fagdag for PPT i Sogn. Me ynskjer alle hjarteleg velkomne til ein dag med fagleg påfyll, gode drøftingar og både fagleg og sosialt fellesskap mellom våre to PPT-kontor i Sogn. Me er veldig glade for at Helene Fulland frå NAFO (nasjonalt senter for flerkulturell opplæring) ved OsloMet vil dele av sin kompetanse denne dagen innan eit tema som er svært etterspurt i vår region. Les gjerne meir om NAFO her: NAFO – Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring
Program for dagen:
09.00- 09.05: Velkommen og kort informasjon v/ arrangørgruppa Anne, Vibeke og Ingrid
09.05- 09.45: Ta opp tråden frå førre samling 28.oktober. Dele erfaringar frå begge kontor.
Har noko endra seg i sakkunnige vurderingar? Kunnskap om ferdigheitar på førstespråket? Skjema for hypotesetesting? Spørsmål? (jfr. personalmøte i forkant).
10.00- 10.45: Gjennomgang av FLORO – noko for oss?
11.00- 11.45: Språkarbeid i barnehagen: Korleis kan språkgrupper bli eit godt tiltak?
11.45- 12.45: To-rettars lunsj
12.45- 13.30: Særeigne opplæringstilbod for fleirspråklege elevar i skulen: rettigheiter, organisering, tilrettelegging og inkludering.
13.45- 14.45: Skulen si kartlegging av språk og lesing i førtilvisingsfasen.
Trondheimsmateriellet.
Kartleggingsverktøy i grunnleggande norsk (Udir).
Avrunding og evaluering.
Ved spørsmål, ta kontakt med ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no Tlf: 48 25 03 06.
Velkommen!
