Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Regional planleggingsdag for barnehagar i Sogn – «Tenk om det går!»

07/11/2025, kl. 08:15 - 09:30

Gratis

«Tenk om det går!» med Nina Nakling

Her kan du lese programmet som pdf-fil: Program for regional planleggingsdag barnehage 07.11.2025

 

Deltakarar: Tilsette i barnehagane i Sogn og tverrfaglege samarbeidspartar

Tid og stad: Digitalt føredrag fredag 7.november kl 8.30-9.30 med påfølgande refleksjonsoppgåver. Innlogging i Teams og lydsjekk frå kl 8.15. Barnehagane organiserer felles framsyning av det digitale føredraget. Etterpå er det lagt opp til å jobbe i barnehagen med Nina sine oppgåver i ca 1,5-2 timar.

 

Praktisk info:

  • Møtelenkje i Teams vert sendt til styrarane/leiarane nokre dagar i forkant.
  • Føredraget vert teke opp og delt med dykk frå tysdag 11.11. Opptaket er tilgjengeleg i kunn ei veke fram til 18.11.25. Opptaket er meint til bruk der barnehagen ikkje har høve til å vere med på sjølve planleggingsdagen og skal berre nyttast internt i oppveksteiningane våre her i Sogn.

 

Nina Nakling er utdanna barnehagelærar og har 29 års erfaring frå og med sektoren. Ho har vidareutdanning i endringsleiing, rettleiing, coaching og pedagogisk utviklingsarbeid. I tillegg har ho ein master i utdanningsleiing, og studerer for tida teampsykologi ved Universitetet i Stavanger. Nina si formidling ber preg av hennar erfaring, praktiske tilnærming og stor entusiasme.

 

Program:

Kl 08.15- 08.30: Innlogging og lydsjekk

Kl.08.30- 09.30: Digitalt føredrag med Nina Nakling «Tenk om det går!»

Kl. 09.30-ca 11/11.30: Arbeid i barnehagen –  i grupper og evt. plenum

Etter føredraget jobbar de med refleksjonsoppgåver frå Nina på eigen arbeidsplass i ca. 1,5-2 timar. Barnehageleiinga styrer denne økta. De får desse oppgåvene på e-post nokre dagar i førevegen, saman med teamsinnkallinga og QR-kode til evaluering. I avslutninga av denne delen ynskjer me at deltakarane evaluerer dagen i fellesskap via QR-koden. Det er tilstrekkeleg med eitt felles svar frå kvar eining. Resten av planleggingsdagen kan nyttast til lokalt utviklingsarbeid i barnehagen/kommunen.

 

Omtale av føredraget «Tenk om det går!»  https://www.ninanakling.no/foredrag/

«Evna til å møte utfordringar med mot, til å stå på og aldri gi opp er medfødd. Evna til å gi opp derimot er tillært. Kva om me fann tilbake til den medfødde evna? Kvalitet i ei bedrift handlar mest om kven og korleis dei tilsette er. Arbeidslyst, mot, glede og entusiasme hjå dei tilsette er gode kjelder til resultat.»

 

  • Dette er eit føredrag som pirkar litt i deltakarane

 

Velkommen til fagleg påfyll gjennom digital planleggingsdag i Sognaregionen!

 

Med helsing

 

Ingrid Steine Bortne

Programleiar «System for styrka læring», barnehage- og skuleutvikling

Sognaregionen – Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)

Tlf 48 25 03 06

Ingrid.Steine.Bortne@sogndal.kommune.no

 

Regional planleggingsdag for barnehagar i Sogn – «Tenk om det går!»

Detaljar:

Dato
07/11/2025
Tid:
08:15 - 09:30
Billettpris:
Gratis

Arrangør

System for styrka læring i Sogn
Telefon:
+4748250306
Epost:
ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no