- Denne hending er over.
AVLYST grunna få påmeldte. Regionalt tysknettverk for ungdomsskular og vidaregåande skular
07/11/2025, kl. 09:30 - 14:30
200KrNB! SAMLINGA ER AVLYST GRUNNA FÅ PÅMELDTE.
Ungdomsskulane i Vik og Sogndal vidaregåande skule tek ansvar for å arrangere eit regionalt fagnettverk for tysklærarar for ungdomsskular i Sogn + vidaregåande skular i Sogn og på Voss fredag 7.november 2025.
Møtestad, nøyaktig klokkeslett og deltakaravgift vert avklara etter påmeldingsfristen er ute, men me tek sikte på å legge samlinga til Lærdal eller Aurland for å vere «midt mellom Sogn og Voss».
Innhaldet vert i desse dagar planlagt av arrangørgruppa frå ungdomsskular i Vik og Sogndal VGS. Kom gjerne med innspel.
Dette blir eit viktig møtepunkt for å drøfte tyskfaget og overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande skule i den samanheng. Me har mykje å lære av kvarandre!
Påmeldingsfrist: måndag 27.oktober kl 13. Skriv evt. allergiar i merknadsfeltet.
Velkommen!
Med helsing
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
Sognaregionen – Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)
Tlf 48 25 03 06
Ingrid.Steine.Bortne@sogndal.kommune.no
