Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Nettverk for fådelte skular i Sogn

15/10/2025, kl. 10:00 - 14:30

Gratis

Stad: Norane oppvekstsenter, Ylvisåker

Tidspunkt: Onsdag 15.oktober 2025 kl 10.00-14.30

Målgruppe: Tilsette og leiarar ved fådelte skular i Sogn

Lunsj: Ja, inkludert. Meld frå om evt. allergiar i påmeldinga

Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar

 

Etter førespurnad frå nokre skular vil me freiste å starte oppatt eit eige nettverk der ein kan dele erfaringar og drøfte viktige problemstillingar rundt det å jobbe på fådelte skular. Me har i dag drift ved 12 fådelte skular i Sogn.

 

Her kan du lese programmet som pdf-fil: Program nettverk for fådelte skular 15.10.2025

 

Tematikk for samlinga:

  • Det vert truleg mogelegheit for å få vere med i ei undervisningsøkt ved Norane skule i løpet av dagen, evt. litt omvising ved eininga
  • Presentasjonsrunde – kort om deg sjølv og di eining
  • Treng me eit fellesskap/nettverk for fådelte skular? Kvifor? Korleis?
  • Kva utfordringar står me ovanfor i dag? Kva har endra seg dei siste 10-20 åra for fådelte skular?
  • Korleis organiserer me oss ved den einskilde skule?
  • Korleis jobbar me med læreplanen, ny opplæringslov og andre sentrale føringar?
  • Korleis er det å vere elev ved ein fådelt skule i dag?
  • Open post. Send gjerne inn tema eller spørsmål på førehand til Ellen slik at me kan førebu best mogeleg

 

 

Ansvarleg for samlinga:

Rektor/styrar ved Skjolden oppvekstsenter Ellen Havellen, tlf: 415 63 871, ellen.kristin.havellen@luster.kommune.no

 

Påmeldingsfrist: 1.oktober kl 23. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet i påmeldinga.

Det må vere minimum 8 påmeldt for at samlinga blir gjennomført.

 

 

Velkommen!

 

 

Beste helsing frå

 

Ellen Havellen                                                           Ingrid Steine Bortne

Ansvarleg for samlinga                                            Programleiar barnehage- og skuleutvikling

Nettverk for fådelte skular i Sogn

Detaljar:

Dato
15/10/2025
Tid:
10:00 - 14:30
Billettpris:
Gratis

Lokale

Norane skule
Ylvisåker
Fardal, 6858
+ Google-kart

Arrangør

System for styrka læring i Sogn
Telefon:
+4748250306
Epost:
ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no

Påmelde deltakarar

Kommune/organisasjonNamn
Luster kommuneElisabeth Alme
Luster kommuneEllen Havellen
Luster kommuneElling Bjarneson Venjum
Luster kommuneSusanne Stormo
Sogn KOIngrid Steine Bortne
Sogndal kommuneAnne Siri Bentsen
Vik kommuneKari Sletten Samland

Påmeldte deltakarar

Elling Bjarneson Venjum Luster kommune Susanne Stormo Luster kommune Ellen Havellen Luster kommune Ingrid Steine Bortne Sogn KO
Anne Siri Bentsen Sogndal kommune Elisabeth Alme Luster kommune Kari Sletten Samland Vik kommune

Påmeldinga er avslutta