- Denne hending er over.
Ideverkstad TeknoJenter
17/06/2025, kl. 09:00 - 13:00
GratisKorleis kan barnehagar, skular og utdanningsinstitusjonar motivere fleire jenter til å velje teknologifag?
Dette vil me gjerne finne svaret på i lag med dykk 😊 Om du jobbar i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, høgare utdanning, er oppveksteigar, studerer, jobbar med teknologi eller er ein del av jentene sin heiagjeng er du hjarteleg velkommen!
Kvifor? Teknologifag spelar ein nøkkelrolle i utvikla av næringslivet i Sogn og resten av verda, og behovet for teknologikompetanse er aukande. Skal vi sikre verdiskaping og omstilling i det teknologiske og grøne skiftet, treng vi fleire unge , spesielt jenter, til å velje teknologirelaterte utdanningar og yrke.
Kven? Lærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule, tilsette ved Høgskulen på Vestladet (HVL), rådgjevarar ved skulane, leiarar i oppvekstsektoren, engasjerte jenter som studerer eller jobbar innafor teknologi og jentene sin “heiagjeng” på heimebane.
Kor og når? 17. juni frå klokka 09.00- 13.00 i HVL sin Læringslaben på Sogndal Campus. Det er heilt gratis å delta! Du finn lokalet i stadionbygget: Læringslab, Stadionbygget, Campus Sogndal – MazeMap
Dagen vil innehalde:
- nyttig informasjon om jenter i teknologi
- spennande gruppearbeid
- felles lunsj
Les invitasjon her: Invitasjon idéverkstad- Teknojenter
Les programmet her: Program idéverkstad 17.06.2025
| 09.00- 09.20 | Sogn Næring ønskjer velkomen Hilde Korneliussen presenterer den nyaste forskninga om jenter og teknologi |
| 09.20- 11.30 | Idéverkstad:
Korleis kan barnehagar, skular og utdanningsinstitusjonar i Sogn motivere fleire jenter til å velje teknologifag? |
| 11.30- 12.00 | Lunsj frå Saman |
| 12.00- 12.30 | Felles framlegg og diskusjon |
| 12.30- 13.00 | Presentasjon av dei ressursane som finst i Sogn i dag
Prosjektleiar Torunn Hønsi presenterar vegen vidare med arbeidet med Teknojenter. Korleis vil dagens idéverkstad bli brukt i prosjektet? |
Les meir utfyllande informasjon og meld deg på via lenkja over innan 12.juni. Kjekt om du melder deg på så snart du veit om du har høve. Takk for at du vidaresender til aktuelle ved di eining.
