For 17.gong går den regionale entreprenørskapsmessa i Sogn av stabelen – nærare bestemt i Årdalshallen i Øvre Årdal tysdag 14.april kl 10.00- 14.30.

Heile 30 elevbedrifter frå ungdomsskulane i Sogn skal syne seg fram og konkurrere på messa, i tillegg til mange flotte standar frå lokalt næringsliv. Me skal også på spennande bedriftsbesøk til ulike bedrifter i Årdal denne dagen. Den lokale gründeren Yvonne Aga Romøren frå Kortlevert vil gjennom føredrag for 8.klassingane inspirere elevane til å tenkje nytt og drøyme stort.

Me reknar med å vere ca 500 ungdommar samla til ein dag med mykje læring og fellesskap på tvers av skulane og næringslivet i Sogn.

 

Sjå den flotte brosjyra/ invitasjonen her: Brosjyre entreprenørskapsmesse i Årdal 14.04.2026

Årets entreprenørskapsmesse blir i Årdal 14.april 2026!