![]()
![]()
![]()

Den årlege Entreprenørskapsmessa for ungdomsskulane i Sogn gjekk av stabelen 14. april, denne gongen i Årdal. Arrangementet er eit samarbeid mellom Ungt Entreprenørskap Vestland, Årdal kommune og det regionale oppvekstprogrammet System for styrka læring i Sognaregionen. Over 500 elevar og 150 vaksne frå heile Sogn deltok – og Årdalshallen var fylt av energi, kreativitet og ekte skaparglede.
Elevbedrifter med imponerande kvalitet
Heile 30 elevbedrifter frå 9. trinn stilte med stand. Juryen, sett saman av representantar frå næringsliv og offentleg sektor i regionen, hadde ei krevjande oppgåve. Etter digitale intervju og vurdering av videopitchar, vart vinnarane i sju kategoriar kåra:
- Beste elevbedrift: Fuglevennane EB (Lærdalsøyri skule) — miljøvenlege og kreative fuglekassar av gjenbruksmateriale
- Berekraftsprisen: Planteull EB (Sagatun skule) — sirkulær bruk av saueull som markdekke
- Beste nærmiljøprosjekt: Rytmix EB (Kaupanger skule) — musikkopplæring for yngre elevar
- Beste produkt: Lampestjernene EB (Tangen skule) — moderne, rimelege og fargerike lamper
- Beste stand: Sognajus frå Ylvisåker EB (Kvåle skule) — økologisk eplejuice og kreativ presentasjon
- Beste salsbedrift: Vikjaveska EB (Flatbygdi skule) — slitesterke handlenett og god salstrategi
- Beste video: SweetBites EB (Luster ungdomsskule) — kreativ og gjennomarbeidd videopitch
Publikumsprisen gjekk til SweetBites EB.
Me gratulerer alle!
Fuglevennane EB – årets beste elevbedrift
Juryen framheva Fuglevennane EB for nyskaping, solid fagkunnskap og profesjonell gjennomføring. Elevane kombinerer gjenbruksmateriale, god forståing av fugleartar og smarte løysingar for haldbarheit og oppheng. Standen deira skapte god stemning – til og med med fuglelydar frå kassane.
«Elevbedrifta har teke utgangspunkt i eit eksisterande produkt og vidareutvikla fuglekassar i ei spennande og nyskapande retning.»
«Juryen vart imponert over den faglege kunnskapen og den profesjonelle mottakinga på stand.»
Ein dag full av læring og opplevingar
Alle 8. klassingane i regionen var inviterte for å lære om entreprenørskap før dei sjølve skal i elden neste år. Lokalt næringsliv stilte med aktivitetar, bedriftsbesøk og kreative utstillingar. Sogn Opplæringskontor, ViteMeir, Byggopp, TeknoJenter, Årdal og Sogndal vidaregåande skule og Ungt Entreprenørskap Vestland bidrog med engasjerande opplegg. Den lokale gründeren Yvonne Aga Romøren frå Kortlevert sørga for inspirerande føredrag for elevane.
Media som NRK Vestlandsrevyen, Sogn Avis og Porten løfta fram fleire av elevbedriftene i sine reportasjar.
Takk til alle som bidrog
Messa hadde ikkje vore mogleg utan innsatsen frå elevar, lærarar, frivillige, lokalt næringsliv, og arrangørar. Takk også til Årdalsnett som skaffa oss fart på wifi’en! Sognaregionen står samla bak eit arrangement som både inspirerer og styrkjer læring på tvers av kommunane.
Ekstra takk til våre rause sponsorar: Sparebanken 1 Sogn og Fjordane, Hydro, Årdal Energi, Agnitio og Årdal kommune!
Sjåast i Aurland 6. april 2027!
Neste år er det Aurland kommune som inviterer til ny messe. Set av datoen allereie no. Me gler oss!
![]()
![]()
![]()
![]()
![]()
![]()
