8.april gjekk den regionale, årlege entreprenørskapsmessa av stabelen – denne gongen på Fosshaugane Campus i Sogndal.

 

Årets elevbedrift 2025 i Sogn: Sogna-eld EB

 

Ungt Entreprenørskap Vestland, vertskommunen Sogndal og det regionale oppvekstprogrammet «System for styrka læring» i Sognaregionen arrangerte messa for ungdomsskulane i våre seks kommunar i Sogn. Over 500 ungdommar og om lag 150 vaksne frå skular og lokalt næringsliv var samla for å ha fokus på entreprenørskap, initiativ, skaparlyst og kreativitet. Og det verkeleg yra av folkeliv og glede i hallen denne dagen!

 

30 inspirerande og nytenkande elevbedrifter frå 9.klasse stilte ut med stand, og gjorde jobben til juryen svært vanskeleg. Juryen var samansett av offentlege næringslivsaktørar frå Sogn og representantar frå Ungt Entreprenørskap Vestland. I forkant av messa hadde dei fått tilsendt eigenproduserte videoar frå elevbedriftene som gjekk vidare frå lokale konkurransar i heimkommunane. Dei 30 elevbedriftene vart så invitert til digitale juryintervju i slutten av mars. Men det var ikkje før juryen fekk sett elevbedriftene i aksjon i Sogndal, at dei landa på følgjande premiering i dei åtte kategoriane:

 

  • Beste elevbedrift: Sogna-eld EB, Kvåle skule.

Dei lagar tennbrikkettar. Gruppa dynkar pad i stearin og knyter dei saman. Lagar pakkar som dei sel.

 

Juryen grunngav dette med at elevbedrifta hadde eit godt produkt, dei hadde brei kunnskap om produktet og ønska målgruppe. Dei marknadsførte seg på ein fin og tydeleg måte, hadde god orden i økonomien og stod fram som eit samla team med tydeleg rollefordeling. I tillegg synte dei god kunnskap om det å drive ei elevbedrift og kva dei hadde lært undervegs i prosessen.

 

  • Berekraftsprisen: Restitch EB, Lærdalsøyri skule.

Dei har samla inn resirkulert tøy som dei syr hårstrikkar, pennal og toalettvesker av.

 

  • Beste nærmiljø/lokalsamfunnsprosjekt: FjordArena EB, Farnes skule og Tangen skule.

Dei samarbeider om ei større Gathering og aktivitetshelg for ungdomar i Indre Sogn.

 

  • Beste produkt (varer/ tenester): Lærdals Jerkey EB, Lærdalsøyri skule.

Dei tørkar viltkjøtt med ulike smakar, som skal seljast som snacks.

 

  • Beste stand: Fjordkrisp EB, Luster ungdomsskule.

Dei lagar eige potetgull med berekraftig innpakking. Vil få fram at ein kan få gode produkt med få ingrediensar og ved å satse på lokale råvarer.

 

  • Beste salsbedrift: FjordTech EB, Tangen skule.

Dei laga «3 på rad» spel av materiale som blir gjenbrukt i plast og tre. Sel til kundar, samt gir bort nokre gratis til nærmiljøet (sjuke- og aldersheimar og skular).

 

  • Beste video: Småtroll i farta EB, Kaupanger skule.

Aktivitetstilbod for barn der målet er å få barn og unge ut i aktivitet, og at dei får vere sosiale med venner. Dei arrangerer to økter i veka, ein for 1.-2. klasse på måndagar og for 3.-4. på onsdagar.

 

  • Mindre plast: EB Light your day, Aurland barne- og ungdomsskule.

Produksjon og sal av handstøypte duftlys i attbrukt stearin.

 

I tillegg stemte 8.klassingane fram sin favoritt og publikumsprisen gjekk til: FjordArena EB, eit samarbeidsprosjekt mellom Tangen skule og Farnes skule.

 

Me gratulerer både vinnarane og dei andre elevbedriftene med god innsats!

 

Alle 8.klassingar frå regionen var invitert til messa for å lære om entreprenørskap og la seg inspirere fram til dei skal i elden med elevbedrifter neste skuleår. I tillegg til det faglege var det høg grad av trivsel i fleirbrukshallen på Campus. Gode tilbod i elevkioskane, aktivitetar hjå næringslivet og strålande sol førte til prima stemning både i og utanfor hallen. Lokalt næringsliv i Sogndal var sterkt representert med eigne kreative utstillingar for nysgjerrige ungdommar i tillegg til at 12 bedrifter frå Sogndal tok i mot 8.klassingar på spennande bedriftsbesøk rundt om i kommunen. Den unge gründeren Markus Solberg sørga for inspirerande føredrag for elevane, og Sogn Opplæringskontor freista med utprøving av First Lego League og VR-briller. I tillegg hadde ViteMeir, Ungt Entreprenørskap Vestland  og TeknoJenter sine eigne kreative standar i hallen som tiltrekte seg mange ungdommar gjennom dagen. Sogn Avis laga også flott reportasje frå messa, der mange elevbedrifter vart løfta fram.

 

Til slutt vil me gjerne få takka våre samarbeidspartar!

Tusen takk til våre rause sponsorar: Sparebanken Vest, Lerum, Sognekraft, Veidekke og Norconsult.

Takk til ordførar Stig Ove Ølmheim og Ungt Entreprenørskap Vestland ved nestleiar Fredrik Jarstadmarken for velkomsttale og lykkeønskingar og takk til Sogndal Ungdomsstorband og Jennie Nes Skrede for at de sette stemninga med musikalske perler under opninga. Takk til dei engasjerte konferansierane Emilie, Oline, Håvard og Liva Viktoria som losa oss gjennom dagen, og takk til den hardtarbeidande juryen: Stig Ove Rygg frå Kunnskapsparken Vestland, Axel Fagerbakke frå Ungt Entreprenørskap, Frida Pedersen Bekkestad frå Sogn Næring, Miriam Høyheim Lægreid frå Sognekraft, Jørn Mortensen frå Simas, Heine Urnes frå HVL Skape og Emilie Vad Johannsen frå HVL Skape.

 

Takk også til alle dykk andre som har bidrege til at messa vart så vellukka-  arbeidsgruppa med arrangørane, næringslivet i Sogndal, Sogndal Røde Kors som sørga for god HMS under arrangementet, Sogndal Fotball og Sogndal vidaregåande skule for lån av lokale og utstyr. Takk for nydeleg servering ved elevbedrifta ved Restaurant- og matfag på Sogndal vidaregåande skule og sist men ikkje minst, takk til hardtarbeidande elevar og tilsette ved ungdomsskulane i Sogndal kommune – Kaupanger, Sagatun, Leikanger og Kvåle. De sytte for effektiv rigging, rydding, kiosksal og utmerka vertskap. Det hadde ikkje gått utan dykk alle!!

 

No er det berre å gle seg til neste entreprenørskapsmesse i Sogn som vert arrangert i Årdal kommune 14.april 2026! Save the date!

 

Her kjem fleire bilete frå messa:

                                                      

Foto: Eivind Husabø frå Ungt Entreprenørskap, Tone Kvåle frå Norconsult og Ingrid Steine Bortne, Sognaregionen.

Entreprenørskapsmessa 2025 vart ein suksess!