For 16.gong går den regionale entreprenørskapsmessa i Sogn av stabelen – nærare bestemt ved Fosshaugane Campus Fleirbrukshall tysdag 8.april kl 10.00- 14.30.

Heile 30 elevbedrifter frå ungdomsskulane i Sogn skal syne seg fram og konkurrere på messa, i tillegg til mange flotte standar frå lokalt næringsliv. Me skal også på spennande bedriftsbesøk til ulike bedrifter i Sogndal denne dagen. Den lokale gründeren Markus Solberg vil gjennom føredrag for 8.klassingane inspirere elevane til å tenkje nytt og draume stort.

Me reknar med å vere ca 500 ungdommar samla til ein dag med mykje læring og fellesskap på tvers av skulane og næringslivet i Sogn.

 

Sjå den flotte brosjyra/ invitasjonen her: Brosjyre entreprenørskapsmesse i Sogndal 08.04.2025

Entreprenørskapsmessa 8.april 2025 i Sogndal