30 tilsette frå barnehagar og skular i Sogn møtte til ASK-nettverk for 5.gong! Tema var språk- og kommunikasjonsutvikling i ASK-perspektiv.

Det vart ein lærerik dag med gode innlegg, mykje gruppediskusjonar og erfaringsdeling frå einingane.

ASK står for alternativ og supplerande kommunikasjon. Barn som heilt eller delvis manglar funksjonell tale, har rett til å bruka ASK, samt få opplæring i å bruka det. Fleire av barna me jobbar med i barnehage og skule har behov for ASK. Målet med ASK-nettverket er at me kan få fagleg påfyll, skapa relasjonar og dela erfaringar i gruppa.

Her finn du presentasjonen som vart nytta under samlinga: 5. samling ASK-NETTVERK 16.01.25

 

Tusen takk til Kjørnes barnehage og Norane skule for at de i vinter tek i mot tilsette frå barnehagar og skular som ynskjer å hospitere hjå dykk for å sjå korleis de jobbar med ASK i kvardagen!

 

ASK-nettverk 16.januar