25. og 26.september inviterer me alle 10.klassingar i Sogn til eit spennande og lærerikt opplegg på Campus Sogndal.

Sogn Næring, Høgskulen, HVL Skape, Ungt Entreprenørskap og System for styrka læring samarbeidar om arrangementet som har som mål at ungdommane

  • blir betre kjend med høgare utdanning her i vest
  • skal få bruke sine kreative evner i ein pitchekonkurranse*
  • skal få møte inspirerande lokale gründerar som har eitt og anna godt tips dersom ungdommane vil starte opp si eiga bedrift

* Ein pitch er ein kortvarig presentasjon av en idé eller eit prosjekt.
Føremålet med ein pitch er å skaffe seg samarbeidsparter eller kunder, slik at ein kan
realisere idéen.

Innovasjons- og karrieredag for 10.klassingar i Sogn