Over 60 tilsette fagarbeidarar, assistentar og leiarar frå SFO og skule frå kommunane i Sogn var samla i Årdal den 2. januar. Dagen var todelt der Bjarte Ramstad viste korleis ein kan drifte og organisere SFO og kva mogelegheiter som finst medan mobbeombodet i Vestland, Aina Drage, sitt tema for dagen var «Rettar, plikter og felles ansvar med søkelys på §9A i Opplæringslova og med praktiske eksempel som utgangspunkt».
Ei svært interessert gruppe av tilsette fekk med mange idear som kan nyttast i det daglege arbeidet. Det vart og framheva verdien av å møtast og byggje relasjonar og dele erfaringar med kvarandre gjennom ein fin lunsjpause og i innlagde pausar.

Fagdag SFO 2. januar 2020