Felles fagnettverkside for barnehagane og skulane i regionen er ferdig. Det meste av innhaldet vart lagt inn før sommaren, og resten kom på plass dei siste dagane.
Wikispaces la ned sidene sine i juli og vi var derfor på leit etter ny løysing. Barnehagane hadde brukt wikispaces i fleire år og skulane det siste året. Vi vurderte ulike løysingar. Valet falt på WordPress fordi den er brukarvenleg. Dette er særleg viktig fordi nettverksansvarlege sjølve legg inn program, presentasjonar og andre dokument dei ønskjer å dela med andre. Heller enn å sende desse dokumenta på e-post før og etter ei fagnettverksamling, finst alt på ein plass. Nytt er at barnehage og skule no har nettsida ilag og det er høve til å dele innhald som er felles. Til nettverksansvarlege er det laga ein brukarmanual som ligg nedst på nettsida.
Vi vonar løysinga fell i smak og fungerer som felles læringsplattform. Om du oppdagar noko som bør rettast på, har spørsmål eller innspel til sida kan du kontakte programleiar Hanne Ørnehaug.