Pedagogar frå kommunane Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal møttest 15. august for felles fagdag. Sogn regionråd er opptekne av å ivareta og utvikle eit trygt og fagleg godt miljø for opplæringa. Det å legge til rette for at pedagogar kan dele og gje kunnskap på tvers av kommunegrenser er ein styrke i dette arbeidet. Difor legg vi kvart år til rette for felles fagleg treff og utvikling før oppstart av nytt skuleår.

381 pedagogar hadde ein todelt fagdag i Sogndal som bestod av arbeid i fagnettverk samt føredrag med Tove Flack om temaet Inkluderande skulemiljø. Dette er eit ledd i den nasjonale satsinga som regionen tek del i på Inkluderande barnehage og skulemiljø (IBOS). Under føredrag med Tove, som hadde rundt 400 tilhøyrarar, deltok også våre tverretatelege samarbeidspartar i frå PPT, Høgskulen på Vestlandet, Fylkesmann m.fl.

 

 

 

 

Felles fagdag i regionen 15. august 2018

Legg att eit svar