24. og 25.september var om lag 300 10.klassingar samla på Fosshaugane Campus for å lære meir om kva mogelegheiter som finns i Sogn. Høgskulen på Vestlandet, HVL Skape og Sogn Næring i samarbeid med «System for styrka læring» i Sognaregionen var arrangørar.

Elevane fekk lære meir om innovasjon og entreprenørskap som er etterspurd i alle bransjar. Dei fekk møte flinke og engasjerte gründerar frå Sogn som fortalde sine historiar og dei fekk gjennomgå eit lynkurs i pitching. I tillegg fekk dei vite meir om dei ulike studiemoglegheitene som finns på HVL sine campusar i Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund. Altså, utdanningsval, samfunnsfag og andre fag i praksis.
Ein pitch er ein kortvarig presentasjon av en idé eller eit prosjekt. Føremålet med ein pitch er å skaffe seg samarbeidsparter eller kunder, slik at ein kan realisere idéen. Etter lynkurset i pitching fekk elevane oppdrag som skulle løyast i grupper. Bidraga vart sendt inn til ein jury som har plukka ut tre dyktige vinnargrupper. Premien er gåvekort på kinobillettar ved den lokale kinoen.
Her kjem juryen si grunngjeving for dei tre vinnarane:
Tangen skule
Sigrid, Tuva, Julie, Sofia og Ida frå Tangen skule leverte ein svært god og fengande pitch med innleving då dei pitcha si produktutvikling av lærekøyrings L’en. Gruppa fangar merksemda tidleg gjennom engasjert skodespel og historieforteljing, og set samtidig lyttaren inn i problemet på ein saumlaus måte. Dei har tydeleg form og struktur i pitchen, med god formidling av si føreslegne løysing og ei tydelig oppfordring avslutningsvis.
Kaupanger skule
Jenny, Vegard, Maja, Trym og Liva frå Kaupanger skule leverte ein pitch der dei tok opp viktigheita av å skape fleire gode rasteplassar langs vegane våre. Dette gjer dei på ein fengande og engasjerande måte. Gruppa brukar visualisering, er tydelege i sin bodskap og dei grip oss frå første stund. Heile gruppa er inkludert og videoen er godt produsert. Slutten vert poengtert med sitatet; «Dette heng ikkje på greip, å gå på do er faktisk ein menneskerettigheit!»
Kaupanger skule
Arja, Mathilde, Håkon, Sebastian, Isak og Elly frå Kaupanger skule ynskjer å forbetre skulen sin. Dei spelar på humor og lagar ei god forteljing som understrekar alvoret. Dei nyttar visuelle verkemiddel som dramatisering og overskrifter gjennom pitchen. Målet er å forbetra fasilitetar og få betre plass på skulen sin, noko som tydeleg kjem fram i bodskapen. Gruppa var flinke til å snakke og formidle eit viktig bodskap.
Me gratulerar!!
