Me treng fleire unge som vel teknologirelaterte utdanningar og -yrke for å møte kompetansebehovet arbeidslivet i Sogn har for å sikre vidare verdiskaping og omstilling i det digitale og grøne skiftet. Skal ein oppnå̊ dette målet, må̊ fleire jenter inn i teknofaga.
Sognarådet er med på dette prosjektet saman med m.a Vestlandsforsking, Sogndal VGS, Årdal VGS, Sogn Næring, HVL, Årdal teknologipark, ViteMeir, Sogn Opplæringskontor, Hydro, Digdir.
Eit av dei første tiltaka som skal prøvast ut er «Teknojentedag» på ViteMeir 7.mars kl 10-14.30 for interesserte jenter frå ungdomsskulane og VG1 i Sogn. Invitasjon er sendt ut til alle ungdomsskular og vidaregåande skular i Sogn.

Du kan lese meir om prosjektet og Teknojentedagen på nettsidene til Vestlandsforsking https://www.vestforsk.no/nn/project/teknojenter og Sogn Næring https://www.sognnaring.no/arrangementsliste/202537-teknojentedag-p-vitemeir
Bileta er frå oppstartsmøtet 11.12.2024

Foto: Idun A. Husabø (Vestlandsforsking)
