Det er med stor glede Høgskulen på Vestlandet, kommunane i Sogn og Sognaregionen kan kunngjere at piloten «SognaBLU» får starte opp hausten 2025.

Den nye piloten for barnehagelærarutdanninga i Sogndal «SOGNABLU» – går ut på at studentane er sikra ein deltidsjobb i 20 % i ein av våre flotte barnehagar i Sogn medan dei studerer.  Vinn, vinn for alle partar!

No har 18 studentar søkt barnehagelærarutdanning i Sogndal, og det er bestemt at utdanninga startar opp – HURRA!
Saksa frå HVL si nettside https://www.hvl.no

«Hvorfor studere barnehagelærer i Sogndal?

Barnehagelærerutdanningen i Sogndal er en unik praksisnær utdanning hvor barnehager i Sogn tilbyr betalt deltidsjobb en dag i uken dersom du ønsker det. Dette betyr at du får mulighet til å teste yrket samtidig som du får inntekt under studieløpet. Utdanningen er på fulltid, men undervisningen legges til de gjenværende dagene i uken slik at du kan kombinere studier med deltidsjobb».

Sognaregionen heiar på denne piloten og er glad for å vere med på laget i utforminga av slike gode rekrutteringstiltak!!
Foto: HVL
Piloten SognaBLU startar opp hausten 2025! Studer heiltid barnehagelærar medan du får deltidsjobb i ein barnehage i Sogn